Treng du ny arbeidstakar?

Då kan eit samarbeid med In Via vere eit godt val.
Rett person til rett arbeidsplass er viktig, både for bedrift og menneske. Som arbeidsgjevar får du mulighet til å prøve ut folk i praksis før du vurderar tilsetting, i tillegg får du rettleiing, støtte og oppfølging av arbeidstakar etter behov og ønske. Vi førebur gode løysingar for deltakarar og samarbeidspartnarar, og skapar verdifulle koblingar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.

In Via har i dag fleire forskjellige samarbeid med mange ulike aktørar:

NAV

Den viktigaste og største samarbeidspartnaren vår er NAV. Vi inngår årlege samarbeidsavtalar med NAV Sogn og Fjordane, og leverer tenester til alle NAV-kontora i Nordfjord. Dette tette samarbeidet er avgjerande for å finne gode og varige løysingar for å betre livskvaliteten til menneske med utfordringar i og utanfor arbeidslivet.

Næringslivet i heile Nordfjord

Filosofien til In Via er at den beste arbeidstreninga er i det ordinære arbeidslivet. Det gjer at vi til jamt over har 50 til 60 personar (deltakarar) ute på arbeidsplassar rundt omkring i heile Nordfjord. Vi legg vekt på å etablere samarbeid med verksemder i deltakarane sine nærområde, både fordi det er lønnsamt for dykk og ein fordel for deltakaren.

Offentlege tenester

For å møte utfordringane på beste måte, er det er viktig med eit  tett samarbeid med fylkeskommunen, kommunane og helsevesenet. For at vi saman skal kunne gje det beste tilbodet til deltakaren, er det viktig at vi alle ser heile mennesket og dreg i same retninga for felles framgang. For deltakaren kan arbeid kan vere nøkkelen til betre helse, og for arbeidsgjevaren kan det vere eit steg mot betre bemanning.

Invitasjon til samarbeid

Vi arbeider for gode løysingar for alle partar. Slik skapar vi grunnlaget til verdifulle relasjonar for samfunnet,  arbeidsgjevar og arbeidstakar.