In Via

In Via

Menu
  • Heim
  • Din veg
  • Samarbeid
  • Om In Via
  • Kontakt

Kva er In Via?

In Via er ein viktig samfunnsaktør i Nordfjord og er ei arbeids og inkluderingsbedrift. Bedrifta starta opp på Sandane i 1963, og dei største eigarane er alle kommunane i Nordfjord og Fylkeskommunen. Vi er lokalisert  på Sandane, Nordfjordeid og Stryn, men dekkjer alle kommunar i Nordfjord med våre attføringstiltak. Vi har til ei kvar tid mellom 50 og 70 personar inne på tiltak/kurs og er arbeidsgjevar for kring 25 personar.

Vår faste stab av godt kvalifiserte medarbeidarar er klare til å gjere ein innsats for deg! 

In Via er sertifisert innan NS-EN ISO 9001:2015, for leveranse av arbeid- og inkluderingstenester. Omfanget av sertifiseringa er alt arbeid bedrifta har med mennesker, som til dømes arbeidstrening, opplæring, tilrettelegging, oppfølging, avklaring og rådgjeving.

Vår visjon

Vi skal skape meirverdi for menneske og samfunn.

Forretningsidé

In Via skal skape positive endringar til beste for alle partar og vere ein kompetanse-og læringspartnar.

Kven er vi for?

In Via skal hjelpe menneske med ulike utfordingar i og utanfor arbeidslivet. Vi er her for deg som vil vidare.

Kva gjer vi?

Gjennom kartlegging av din situasjon og dine behov, har vi eit stort fokus på menneskeleg forståing. Vi hjelper deg med å finne ein veg vidare, og nyttar allsidig og variert kompetanse via våre medarbeidarar og tilsette. I tillegg skal In Via stå for tilgong til læringsarena som er rett for deg.

Kva jobbar vi mot?

Vårt største mål er å finne den løysinga som er rett for deg. Vi gjer vårt ytterste for å oppnå ei positiv endring for både menneske og samfunn. 

Korleis jobbar vi?

Dine val

 

Det du ynskjer for di framtid

Livsglede

 

Det som kan gje deg ein betre livssituasjon

Kommunikasjon

 

Samspelet mellom deg og omverda

Arbeidslivet

 

Det som gjer deg til ein ressurs for ein arbeidsgjevar

Yrkesval

 

 Arbeid som kan høve med dine interesser og din bakgrunn

Jobbsøking

 

Det som gjer deg spennande

Vegen vidare

 

Din plan for å kome vidare

 

Vi fokuserer på deg

Produksjon

  • Avdeling Stryn
  • Avdeling Eid

Våre tiltak

  • AFT og VTA

Brosjyrer

  • In Via-folder
  • Til deltakaren
  • Til arbeidsgjevaren

Ta kontakt!

In ViaIn Via © 2023.