For deg som vil vidare

Så lenge vi er i rørsle er det enkelt å halde framdrifta. Av og til kan du hamne i ein situasjon der du må redusere farten eller stoppe heilt opp. Skal du halde fram på den same kursen, eller må du endre retning? Det kan vere mange og samansette grunnar til at ein opplever utfordringar i yrkeslivet. Du er ikkje åleine om dette, og vi har lang erfaring med å finne løysingar som kan passe for deg. 

Menneska som kjem til oss varierar i alder, utdanning, erfaring og ikkje minst livssituasjon. Gjennom kartlegging og veiledning finn vi din veg vidare, enten den er i yrkeslivet eller ikkje.
Våre kompetente rådgjevarar har lang erfaring i å hjelpe til på denne vegen. 

Våre effektive og pålitelege metodar har skapt positive endringar, trygge rammer og betre livskvalitet for mange.


Vegen din vil kunne endre seg til noko anna enn du først tenkte. Nedanfor ser du eit døme på korleis din veg kan sjå ut: 

Kartlegging og rettleiing

For å kunne finne ein god veg vidare er det viktig å bli godt kjend med deg, din livssituasjon, din bakgrunn, eventuelle helseplager, utfordringar og ressursar. Gjennom bruk av interesseverkty, diskusjonar i gruppe og individuelle samtaler prøver vi å kartlegge kva som er dine interesser og kva som er dei viktigaste utfordringane for deg akkurat no. Du veit best kvar skoen trykkjer. Vår oppgåve er å utforske kva som kan lette trykket i framtida.

Motivasjon

Motivasjon er drivkrafta som set oss i gong med noko. Når vi ikkje er motiverte, utset vi gjerne gjeremåla våre om dei er aldri så nødvendige. Vi arbeidar tett saman med deg for å finne kva som motiverar deg og kva arbeidsoppgåver du vil trivast med. Alle er flinke til noko.

Inspirasjon

Betyr å blåse liv i eller stimulere til ein aktivitet, og heng saman med det å vere motivert for noko. Å inspirere er å finne det som skal til for å kveikje interessa di for å arbeide med din eigen framgang ved å utnytte evnene og dugleiken din i samsvar med dei praktiske forholda som er ramma kring livet ditt.

Arbeidstrening

Har du gått utan jobb i kortare eller lenger tid, kan arbeidstrening vere ein god start på vegen tilbake til arbeidslivet for deg. Arbeidstreninga går vanlegvis føre seg i ei lokal  bedrift, men kan også finne stad i In Via sine produksjonslokale. Gjennom arbeidstrening kan du få prøveut ein arbeidsplass som høver med dine interesser, ressursar, kapasitet og moglegheiter.

Utdanning/vidareutdanning

Vi hjelper deg gjerne å finne løysingar med lokale utdanningstilbod for ditt interessefelt og det som er etterspurt i arbeidsmarknaden der du bur. Sidan samfunnet har endra seg raskare dei siste generasjonane enn det gjorde tidlegare, må dei fleste av oss rekne med å byte jobb fleire gongar i livet. Då kan det bli nødvendig med utdanning i andre fag enn det du arbeidde med før, og det kan In Via hjelpe deg med å finne ut av.

Kvalifisering/formidling

In Via har mange års erfaring i rettleiing av dykk som er på veg mot nye jobbar, og vi har hatt eit svært tett samarbeid med både næringslivet og det offentlege tenestetilbodet i heile Nordfjord. Vi har følgt nøye med på samfunnsendringane og arbeidslivet i regionen i alle desse åra, og vi er heile tida godt orienterte om kven som treng kva slags kompetanse i arbeidsstokken og blant personalet sitt. Derfor kan vi sette deg i kontakt med ein eller fleire av dei du kunne tenkje deg å arbeide saman med.